Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Evangeliet etter Markus

Evangeliet etter Markus

1. kapitlet

1 Upphavet til evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.

2 Hjå Jesaja, profeten, stend det skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; Der du vil fara, skal han vegen rydja» -

3 «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen åt Herren, jamna stigarne hans!»»

4 Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne.

5 Og heile Judaland kom ut til honom, og alt Jerusalems-folket, og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.

6 Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.

7 Og han tala til folket og sagde: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ’kje verdig å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.

8 Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.»

9 I dei dagarne hende det, at Jesus kom frå Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.

10 Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen opna seg, og Anden dala ned til honom som ei duva.

11 Og frå himmelen kom det ei røyst: «Du er Son min, som eg elskar! Deg hev eg hugnad i!»

12 Og straks dreiv Anden honom ut i øydemarki;

13 og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englarne tente han.

14 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilæa og kunngjorde evangeliet frå Gud

15 og sagde: «Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!»

16 Då han ein gong for frammed Galilæasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.

17 Han sagde til deim: «Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskje-fiskarar!»

18 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.

19 Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebædeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.

20 Og med ein gong kalla han deim, og dei gav seg med honom, og let far sin, Sebedæus, vera att i båten med leigefolket.

21 So kom dei til Kapernaum, og fyrste kviledag gjekk han inn i synagoga og lærde folket.

22 Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som dei skriftlærde.

23 Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:

24 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.»

25 Jesus truga den ureine åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!»

26 Då reiv ho og sleit i honom og ill-hua, og for ut or honom.

27 Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: «Kva er dette? Ei ny og ageleg læra! Jamvel dei ureine ånderne lyt lystra, når han talar til deim!»

28 Og gjetordet um honom for straks yver alle Galilæa-bygderne derikring.

29 Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.

30 Vermor åt Simon låg sjuk og hadde hiteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.

31 Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for deim.

32 Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til honom med alle som hadde vondt eller var forgjorde,

33 og heile byen hadde samla seg utfor døri.

34 Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ’kje ånderne få lov til å tala, av di dei kjende honom.

35 I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.

36 Simon og dei som var med honom, skunda seg etter honom,

37 og då dei fann honom, sagde dei til honom: «Alle leitar etter deg!»

38 Men Jesus svara: «Lat oss fara til ein annan stad, til grenderne her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.»

39 So gjekk han kring i heile Galilæa og tala i synagogorne deira og dreiv dei vonde ånderne ut.

40 Ein som hadde spillsykja kom og fall på kne for honom og bad: «Dersom du vil, kann du gjera meg rein!»

41 Jesus tykte vondt um honom, og rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; vert rein!»

42 Og med ein gong gjekk spillsykja av honom, og han vart rein.

43 Jesus tala strengt til honom, og bad honom ganga sin veg straks.

44 «Agta deg at du ikkje segjer dette med nokon,» sagde han, «men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim!»

45 Men mannen var ’kje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til honom frå alle kantar.

2. kapitlet

1 Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime.

2 Då samla der seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala Guds ord til deim.

3 Best det var, kom fire mann berande med ein som var lam,

4 og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i.

5 Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!»

6 No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg:

7 «Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»

8 Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta?

9 Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?»

10 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -:

11 «Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!»

12 Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!»

13 So gjekk han ut til sjøen att. Då kom alt folket til honom, og han lærde deim.

14 Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi Alfæusson - han sat på tollbudi - og Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde honom.

15 So hende det at Jesus var til bords i huset hans, og mange tollmenner og syndarar sat saman med honom og læresveinarne hans; for dei var mange, og dei fylgde honom.

16 Og då dei skriftlærde millom farisæarane såg at han åt i lag med syndarar og tollmenner, sagde dei til læresveinarne hans: «Et han i lag med tollmenner og syndarar?»

17 Jesus høyrde det og sagde til deim: «Det er ’kje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

18 Både læresveinarne åt Johannes og læresveinarne åt farisæarane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: «Korleis hev det seg at læresveinarne åt Johannes og åt farisæarane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?»

19 «Kann brudlaupsfolket fasta med brudgomen er hjå deim?» svara Jesus; «so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei då ikkje fasta.

20 Men skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då, når den dagen kjem, skal dei fasta.

21 Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større.

22 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskorne og vinen øydest, og flaskorne med: Nei - ny vin på nye lerflaskor!»

23 Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrarne på kviledagen, og læresveinarne tok til å riva av aks, med dei gjekk etter vegen.

24 Då sagde farisæarane med honom: «Sjå kva dei gjer på kviledagen! det som ingen hev lov til!»

25 Han svara: «Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var med honom?

26 korleis han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestarne hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?»

27 So sagde han til deim: «Kviledagen vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for kviledagen skuld.

28 Difor råder Menneskjesonen yver kviledagen og.»

3. kapitlet

1 Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var der ein mann som hadde ei nomi hand,

2 og dei gjætte på honom um han vilde lækja mannen på kviledagen, so dei kunde få noko å klaga honom for.

3 Då sagde han til mannen med den nomne handi: «Reis deg upp og kom fram!»

4 Og til dei andre sagde han: «Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt - berga eit liv eller drepa?» Dei tagde.

5 Då såg han rundt ikring på deim, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sagde han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att.

6 Men farisæarane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennerne korleis dei skulde få gjort ende på honom.

7 So for Jesus med læresveinarne sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilæa fylgde med; og frå Judaland

8 og Jerusalem og Idumea og bygderne på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til honom i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde.

9 Då sagde han til læresveinarne at det skulde liggja ein båt ferdig til honom for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja honom;

10 for han lækte mange, so alle som hadde eikor plåga, trengde seg innpå honom, og vilde få taka i honom.

11 Og kvar gong dei ureine ånderne såg honom, kasta dei seg ned for føterne hans og ropa: «Du er Guds Son!»

12 Men han forbaud deim både tidt og strengt å gjera honom kjend.

13 So gjekk han upp i fjellet, og kalla til seg deim han sjølv vilde, og dei kom til honom.

14 Og han valde ut tolv som skulde vera med honom, og som han vilde senda ut til å tala for folket,

15 og vilde gjeva magt til å driva ut djevlar.

16 Det var Simon - honom kalla han Peter -

17 og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans Jakob - deim kalla han Boanerges, det er Toresveinarne -

18 og Andreas og Filip og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, son åt Alfæus, og Taddæus og Simon Kananæus

19 og Judas Iskariot, han som sidan sveik honom.

20 Med det same han kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat.

21 Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i honom; «han må vera frå vitet!» sagde dei.

22 Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.»

23 Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?»

24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,

25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag.

26 Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom.

27 Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset.

28 Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;

29 men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» -

30 det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.»

31 So kom mor hans og brørne hans; dei vart standande utanfor, og sende bod til honom um han vilde koma ut.

32 Det sat ein stor flokk kringum honom, og dei sagde til honom: «Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!»

33 Kven er mor mi og brørne mine? svara han.

34 So såg han rundt på deim som sat i ein ring kringum honom, og sagde: «Sjå det er mor mi og brørne mine!

35 Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»

4. kapitlet

1 So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.

2 Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han:

3 Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og vilde så.

4 Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.

5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;

6 men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot.

7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda.

8 Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll.

9 Høyr etter, kvar som høyra kann! sagde han då.

10 Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne.

11 Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar,

12 so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.

13 Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne?

14 Såmannen, det er den som sår Guds ord.

15 Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim.

16 Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda;

17 men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå.

18 Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt Guds ord,

19 men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust.

20 Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.»

21 Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken?

22 For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.

23 Høyr etter, kvar som høyra kann!»

24 So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.

25 For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.»

26 Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi:

27 Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til;

28 av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks.

29 Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»

30 So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med?

31 Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.

32 Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.»

33 I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det.

34 Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim.

35 Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!»

36 So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med.

37 Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast.

38 Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?»

39 So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt.

40 Og han sagde til deim: «Kvi er de rædde? Hev de endå ingi tru?»

41 Men dei var fulle av otte og sagde seg imillom: «Kva er då dette for ein, som både vinden og sjøen lyder?»

5. kapitlet

1 So kom dei yver til hi sida av sjøen, til Gerasenarbygdi,

2 og med det same han steig utor båten, kom ein mann med ei urein ånd imot honom frå gravholorne.

3 Mannen hadde tilhald i graverne, og ingen kunde lenger få bunde honom, ikkje ein gong med lekkjor;

4 for han hadde ofte vore bunden med fotjarn og lekkjor, men slite lekkjorne og brote sund fotjarni, og ingen var god til å døyva honom.

5 Allstødt både natt og dag var han i graverne og på fjelli og hua og slo seg sjølv med steinar.

6 Då han no såg Jesus langt burte, kom han springande og kasta seg ned for føterne hans,

7 og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? For Guds skuld: pin meg ikkje!»

8 For Jesus sagde til honom: «Far ut or mannen, du ureine ånd!»

9 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han; «for me er mange.»

10 Og han naudbad Jesus, at han ikkje vilde driva deim ut or bygdi.

11 No var det ein stor svineflokk som gjekk på beite der innmed fjellet;

12 so bad dei honom: «Send oss burt i svineflokken, og lat oss få fara inn i deim!»

13 Det gav han deim lov til. So for dei ureine åndene ut og for i svini. Og heile flokken, um lag tvo tusund svin, sette utyver stupet ned i sjøen og druknast.

14 Dei som gjætte svini, rømde og sagde frå um det i byen og på gardarne, og folk tok ut og vilde sjå kva det var som hadde hendt.

15 Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at den forgjorde sat der klædd, og med sitt fulle vit, han som hadde havt djevleheren i seg. Og dei vart ottefulle.

16 Og då dei som hadde set det, fortalde korleis det hadde gjenge med den forgjorde, og um svini,

17 tok dei til å beda Jesus at han vilde fara burt frå grensorne deira.

18 Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde um han måtte vera med honom.

19 Men Jesus let honom ikkje få lov, og sagde: «Gakk heim til folket ditt, og seg med deim kor mykje Herren hev gjort for deg, og kor god han hev vore med deg!»

20 So gjekk mannen og tok til å gjera kunnigt kring i Dekapolis kor mykje Jesus hadde gjort for honom. Og alle undra seg.

21 Då Jesus hadde fare yver til hi sida att med båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum honom.

22 Då kom ein av synagoge-forstandarane, som heitte Jairus, og med det same han såg Jesus, kasta han seg ned for føterne hans

23 og bad honom mykje og sagde: «Vesle dotter mi ligg på det siste - um du vilde koma og leggja henderne på henne, so ho kann bergast og liva!»

24 Jesus gjekk med honom, og ein stor folkehop fylgde etter, og trengde seg um honom.

25 Millom deim var ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år.

26 Ho hadde søkt mange lækjarar, og prøvt mange råder, og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre.

27 Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans.

28 «Kann eg få taka um so berre i klædi hans, vert eg god att,» tenkte ho.

29 Og med ein gong stana blodflodi, og ho kjende det i likamen at ho var lækt for sjukdomen.

30 Jesus kjende straks på seg at det for ei kraft ut ifrå honom; han snudde seg um i hopen og spurde: «Kven var det som tok i klædi mine?»

31 «Du ser folket trengjer deg på alle kantar,» svara læresveinarne, «og so spør du kven det var som tok i deg!»

32 Då såg han seg ikring etter den som hadde gjort det.

33 Og kvinna, som var so rædd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føterne hans, og sagde honom alt som det var.

34 Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og hav det godt, og ver fri sjukdomen din!»

35 Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagoge-forstandaren og sagde: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»

36 Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!»

37 Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob.

38 Og då dei kom heim til synagoge-forstandaren, og han såg for eit ståk der var, og høyrde folk gret og våla,

39 gjekk han inn og sagde: «Kva ståkar og græt de for? Barnet hev ikkje slokna; det søv.»

40 Då log dei åt honom. Men han dreiv deim ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinarne sine, og gjekk inn der barnet låg.

41 Og han tok barnet i handi og sagde: «Talita kumi!» det er det same som: «Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!»

42 Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg.

43 Men han forbaud deim strengt å lata nokon få vita det, og sagde dei skulde gjeva henne mat.

6. kapitlet

1 So for han burt derifrå og kom til fødesheimen sin, og læresveinarne var med honom.

2 Då kviledagen kom, tok han til å læra folket i synagoga, og dei mange som høyrde på honom, var reint upp i under og sagde: «Kvar hev han dette frå? Kva er det for visdom han hev fenge? Og slike underverk som han gjer!

3 Er ’kje dette timbremannen, son åt Maria og bror åt Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ’kje systerne hans her i grendi?» Og dei stygdest ved honom.

4 Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og hjå sitt eige folk og i sin eigen heim!»

5 Han kunde ikkje gjera noko under der, so nær som at han lagde henderne på nokre få helselause og lækte deim.

6 Og han undra seg yver vantrui deira. Sidan gjekk han frå grend til grend og lærde folket.

7 Og han kalla dei tolv til seg, og tok til å senda deim ut, tvo og tvo, og gav dei magt yver dei ureine ånderne.

8 Han sagde til deim at dei skulde ’kje hava anna med seg på ferdi enn ein stav, ikkje brød, ikkje skreppa, ikkje kopar i beltet;

9 sandalar kunde dei ganga med, men dei måtte ’kje hava på seg meir enn ei trøya.

10 «Kvar gong de kjem inn i eit hus,» sagde han, «so ver der til de fer burt frå den bygdi.

11 Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, so gakk dykkar veg og rist moldi av føterne dykkar! det skal vera eit vitnemål mot deim.»

12 So tok dei i vegen og tala for folket og mana deim til å venda um.

13 Og dei dreiv ut mange djevlar, og salva mange helselause med olje og lækte deim.

14 Kong Herodes fekk og høyra um dette; for Jesus hadde vorte namnspurd, og folk sagde: «Det er Johannes, døyparen! Han hev stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom;»

15 andre sagde: «Det er Elia;» endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetarne.»

16 Men då Herodes høyrde det, sagde han: «Det er Johannes, han som eg let deim hogga hovudet av; no hev han stade upp att!»

17 For Herodes hadde sjølv sendt ut folk til å gripa Johannes og lagt honom i band og lekkjor, og det valda Herodias, kona åt Filip, bror hans. For henne hadde Herodes gift seg med;

18 men Johannes sagde til honom: «Du må ikkje hava brorkona di!»

19 Difor bar Herodias hat til honom, og vilde at han skulde drepast, men fekk det ’kje fram.

20 For Herodes hadde age for Johannes, av di han visste han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt handi yver honom; når han høyrde honom, kom han i tvil um mangt og mykje, og han høyrde honom gjerne.

21 Men so kom det ei lagleg tid: det var då Herodes på årmålsdagen sin gjorde eit gjestebod for stormennerne sine og herhovdingarne og dei gjævaste i Galilæa.

22 Då kom dotter åt Herodias inn og dansa. Herodes og gjesterne hans tykte gildt i dansen hennar, og kongen sagde til henne: «Bed meg um kva du vil, so skal eg gjeva deg det!»

23 Og han svor at ho skulde få det ho bad um - um det so var halve riket hans.

24 So gjekk ho ut og spurde mor si: «Kva skal eg beda um?» «Hovudet åt Johannes døyparen!» svara mori.

25 Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynskjet sitt. «Eg vil at du no med det same skal gjeva meg hovudet åt Johannes døyparen på eit fat,» sagde ho.

26 Kongen vart reint ille ved; men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld vilde han ikkje svara nei.

27 Han sende straks ein av livvakti av stad og bad honom henta hovudet åt Johannes.

28 Mannen gjekk til fengslet og hogg hovudet av Johannes, kom med det på eit fat og gav det til gjenta, og ho gav det til mor si.

29 Då læresveinarne åt Johannes fekk høyra det, kom dei og tok liket hans og lagde det i ei grav.

30 Apostlarne samla seg atter hjå Jesus, og sagde frå um alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.

31 Då sagde han til deim: «Kom no de åleine med meg til ein øydestad og kvil dykk litt!» For det var mange som kom og gjekk, og dei fekk ikkje ein gong matro.

32 So for dei åleine i båten til ein øydestad.

33 Men folk såg deim fara burt, og mange kjende deim att, og sprang landveges dit frå alle byarne og kom fyre deim,

34 og då Jesus steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i deim; for dei var som ein saueflokk utan hyrding; og han tok til å læra deim mykje.

35 Då dagen tok til å lida, kom læresveinarne til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid.

36 Send deim frå deg, so dei kann ganga burt i gardarne og grenderne her kringum og kjøpa seg mat!»

37 «Gjev de dei mat!» svara han. «Skal me ganga av og kjøpa brød for eit halvt hundrad dalar, og gjeva deim?» sagde dei då.

38 «Kor mykje brød hev de?» spurde han; «gakk og sjå etter!» Då dei so hadde fenge greida på det, sagde dei: «Fem leivar og tvo fiskar.»

39 Då sagde han at dei skulde lata alle setja seg i det grøne graset, bordlag og bordlag.

40 So let dei seg ned i flokkar, sume på hundrad og sume på femti.

41 Og han tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne og såg upp imot himmelen og velsigna deim; so braut han brødet og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for deim, og dei tvo fiskarne skifte han og ut åt deim alle.

42 Då alle hadde ete og var mette,

43 samla dei upp tolv korger fulle med brødstykke og noko fisk.

44 Og det var fem tusund mann som hadde fenge mat.

45 Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre yver sjøen, til Betsaida, medan han sjølv bad farvel med folket.

46 Og då han hadde skilst med deim, gjekk han upp i fjellet og vilde beda.

47 Då det leid på kvelden, var båten midt utpå sjøen, og sjølv var han åleine på land.

48 Då såg han at det gjekk tungt for deim med roren; for dei hadde vinden imot seg. Og ikring den fjorde nattevakti kom han gangande burtimot deim på sjøen, og vilde ganga framum deim.

49 Då dei såg at han gjekk på sjøen, tenkte dei at det var eit skrymt, og dei sette i et skrik;

50 for dei såg honom alle og vart fælne. Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg! Ver ’kje rædde!»

51 So steig han upp i båten til deim, og vinden stilna. Men dei var so forstøkte at dei var reint ifrå seg.

52 For dei hadde ikkje vitrast av det som var hendt med brødet; so seige og tungnæme var dei.

53 Då dei hadde fare yver til hitt landet, kom dei til Gennesaret og lagde til der.

54 Med det same han steig utor båten, kjende folk honom att,

55 og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke kring i sengjerne sine dit som dei høyrde han var.

56 Og kvar han kom, til grender eller byar eller gardar, lagde dei sine sjuke på tunet, og bad um dei måtte få taka um so berre i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.

7. kapitlet

1 Farisæarane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.

2 For dei hadde set at nokre av læresveinarne hans åt maten sin med ureine - dei meinte: utvegne hender;

3 og farisæarane og alle jødar tvær alltid henderne vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei seg etter;

4 og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå deim, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benkjer.

5 So kom då farisæarane og dei skriftlærde og spurde honom: «Kvi fylgjer ikkje læresveinarne dine dei skikkarne me hev frå dei gamle, men et maten sin med ureine hender?»

6 Han svara: «Jesaja spådde sant um dykk, de hyklarar, som det stend skrive: «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, Men hugen deira han er langt ifrå meg.

7 D’er liten mun i at dei meg vil æra, Når det dei lærer folk er mannebod.»

8 De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskjelærdom.

9 Å jau, det er rett fint åtfare,» sagde han, «at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkarne dykkar!

10 Moses hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»

11 Men de segjer: «Når ein mann talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban» - det er: ei tempelgåva -

12 so let de honom ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine.

13 Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkarne dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av.»

14 So kalla han folket til seg att og sagde med deim: «Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer!

15 Det finst ingen ting utanfor menneskjet som kann gjera honom urein um det kjem inn i honom; men det som kjem ut or menneskjet, det er det som gjer honom urein.

16 Høyr etter, kvar som høyra kann!»

17 Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinarne honom um dette ordtøket.

18 «Er de og so uvituge?» svara han. «Skynar de ’kje at det som kjem inn i menneskjet utantil, kann aldri gjera honom urein?

19 For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut der det skal; soleis vert all føda rein.

20 Men det som gjeng ut or menneskjet,» sagde han, «det gjer honom urein.

21 For innantil, or menneskjehjarta, kjem dei vonde tankarne: lauslivnad, tjuvskap, manndråp,

22 egteskapsbrot, girugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.

23 Alt dette vonde kjem innantil, og gjer menneskjet ureint.»

24 So tok han ut derifrå, og for burt til Tyrus-bygderne. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.

25 Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um honom, kom ho straks og kasta seg ned for føterne hans;

26 det var ei heidningkona, av syro-fønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar.

27 «Lat fyrst borni få eta seg mette!» svara han; «det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»

28 «Jau, Herre,» svara ho; «små-hundarne et då og under bordet av smularne etter borni.»

29 Då sagde Jesus: «For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di.»

30 Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut.

31 Då han tok ut att frå Tyrus-bygderne, for han um Sidon til Galilæasjøen, midt igjenom Dekapolis-bygdi.

32 Då kom dei til honom med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja henderne på honom.

33 Jesus tok honom til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrarne sine i øyro hans, og vætte tunga hans med råke av munnen sin.

34 So såg han upp imot himmelen og sukka, og sagde til honom: «Effata!» - det er: «Lat deg upp!»

35 Då vart øyro hans upplatne, bandet losna av tunga, og han tala klårt.

36 Jesus forbaud deim å segja det med nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver.

37 Dei var reint tekne og sagde: «Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.»

8. kapitlet

1 Ein gong ved det leitet var det atter mykje folk samla, og dei hadde ingen ting å eta. Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde:

2 «Eg ynkast yver folket! No hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og hev ingen ting å eta.

3 Let eg deim fara fastande heim att, so kjem dei til å ormegtast på vegen; og sume av dei hev kome lange vegar.»

4 «Kvar kann ein få brød frå til å metta alle desse, her i øydemarki?» svara læresveinarne.

5 «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei.

6 Då let han folket setja seg ned på marki, og han tok dei sju leivarne og takka og braut dei sund og gav deim til læresveinarne, so dei skulde setja deim fram; og dei sette deim fram for folket.

7 Og dei hadde nokre få små fiskar; deim velsigna han og, og sagde at dei skulde setja deim fram.

8 Då dei hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som låg att; det vart sju korger.

9 Og der var um lag fire tusund mann. So bad han farvel med deim.

10 Straks etter gjekk han i båten med læresveinarne sine og for til Dalmanuta-bygdi.

11 Dit kom farisæarane og, og dei tok til å ordkastast med honom, og kravde eit teikn frå himmelen av honom; for dei vilde freista honom.

12 Då sukka han av hjartans grunn og sagde: «Kvi krev denne ætti eit teikn? Det segjer eg dykk for sant: Aldri skal denne ætti få noko teikn!»

13 Dermed gjekk han ifrå deim og steig ut i båten att, og for yver sjøen.

14 Dei hadde gløymt å taka brød med seg; ein leiv var alt dei hadde med seg i båten.

15 So vara han deim åt og sagde: «Sjå dykk fyre, og agta dykk for surdeigen åt farisæarane og surdeigen åt Herodes!»

16 Då tala dei med kvarandre um at dei hadde ’kje brød.

17 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi talar de um at de ikkje hev brød? Ser og skynar de endå ingen ting? Er de so tungnæme?

18 De hev augo, og ser ikkje! De hev øyro og høyrer ikkje! Kjem de då ikkje i hug

19 den gongen eg bytte sund dei fem brødleivarne åt dei fem tusund - kor mange korger fulle av brødstykke sanka de i hop?» «Tolv,» svara dei.

20 «Og då eg bytte ut dei sju leivarne åt dei fire tusund, kor mange fulle brødkorger samla de då upp?» - «Sju,» svara dei.

21 Skynar de endå ingen ting? sagde han då.

22 So kom dei til Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til honom, og bad at han vilde leggja henderne på honom.

23 Då tok han den blinde i handi, og leidde honom ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin, og lagde henderne på honom og spurde: «Ser du noko?»

24 Mannen såg upp og sagde: «Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar.»

25 So lagde Jesus endå ein gong henderne på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt.

26 Jesus sende honom heim att og sagde: «Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon i grendi!»

27 Sidan for Jesus og læresveinarne hans burt til grenderne kring Cæsarea Filippi. Og på vegen spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»

28 «Johannes døyparen,» svara dei; og sume segjer: «Elia», andre: «Ein av profetarne.»

29 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Du er Messias!»

30 Men det forbaud han deim strengt å segja med nokon.

31 So tok han til å læra deim at Menneskjesonen laut lida mykje, og at styresmennerne og dei øvsteprestarne og dei skriftlærde skulde skjota honom ifrå seg, og at han laut lata livet, men tri dagar etter skulde han standa upp att.

32 Og det sagde han med reine ord. Då tok Peter honom til sides og tok til å telja for honom.

33 Men han snudde seg, og då han såg læresveinarne sine, tala han strengt til Peter og sagde: «Burt frå augo mine, Satan! Du hev ingen tanke for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»

34 So kalla han folket til seg saman med læresveinarne sine og sagde: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.

35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det.

36 Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si?

37 For kva kann menneskjet gjeva i byte for sjæli si?

38 For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og synduge ætti, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englarne.

9. kapitlet

1 Det segjer eg dykk for sant,» sagde han: «Sume av deim som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med velde.»

2 Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes med seg upp på eit høgt fjell; der var dei åleine for seg sjølve. Då vart han forklåra for augo deira,

3 og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i verdi kunde ha gjort deim so kvite.

4 Og Elia synte seg for deim saman med Moses; dei stod og tala med Jesus.

5 Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hytter, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!»

6 Han visste ikkje kva han skulde segja; for dei var fulle av otte.

7 So kom det ei sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på honom!»

8 Men best dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå deim.

9 Då dei gjekk ned av fjellet, sagde han med deim at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskjesonen var staden upp frå dei daude.

10 Det ordet merka dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: «standa upp frå dei daude».

11 So spurde dei honom: «Segjer ikkje dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?»

12 Ja, fyrst kjem Elia og set alt i rett lag att, svara han; «og kva er det som stend skrive um Menneskjesonen? At han skal lida mykje og agtast for inkje!

13 Men eg segjer dykk at Elia og er komen, og dei gjorde med honom slikt dei vilde, som skrive er um honom.»

14 Då dei kom til læresveinarne, såg dei ein stor folkehop kringum deim, og nokre skriftlærde som var i ordkast med deim.

15 Og med same folkemengdi fekk sjå honom, vart dei reint forstøkte, og sprang imot honom og helsa.

16 «Kva er det de dregst med deim um?» spurde han.

17 Då svara ein av folket: «Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg;

18 når ho tek honom, riv ho og slit i honom, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ’kje god til.»

19 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!»

20 So leidde dei guten burt til honom, og med same han såg Jesus, reiv åndi i honom, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud.

21 «Kor lenge hev han havt det so?» spurde Jesus. «Frå han var eit lite barn,» svara faren;

22 «og ofte hev åndi kasta honom både i elden og i vatnet, og vilja gjort ende på honom. Men er det mogelegt for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss!»

23 «Um det er mogelegt for meg -?» svara Jesus. «Alt er mogelegt for den som trur!»

24 Og straks ropa far åt barnet: «Eg trur! Hjelp mi vantru!»

25 Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine åndi og sagde: «Du mållause og dauve ånd, far utor honom, segjer eg, og far aldri i honom meir!»

26 Då hua ho og reiv hardt i guten og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sagde: «Han hev slokna!»

27 Men Jesus tok honom i handi og vekte honom; då reiste han seg upp.

28 Då Jesus var komen i hus, og læresveinarne var åleine med honom, spurde dei: «Kvi kunde ikkje me driva ut åndi?»

29 Han svara: «Dette slaget kann ikkje drivast ut på anna vis enn med bøn og fasta.»

30 So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilæa. Men han vilde ikkje nokon skulde vita det;

31 for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.

32 Men dei skyna ’kje det ordet, og torde ikkje spyrja honom.

33 So kom dei til Kapernaum, og då han var heime att, spurde han deim: «Kva var det de tala um på vegen?»

34 Dei tagde; for på vegen hadde dei tala med einannan um kven som var størst.

35 Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sagde med deim: «Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!»

36 So tok han eit lite barn og sette midt imillom deim og tok det i fang og sagde til deim:

37 «Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.»

38 Johannes sagde til honom: «Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje var i fylgje med oss.»

39 «De skal ikkje forbjoda honom det,» sagde Jesus, «for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg;

40 den som ikkje er imot oss, held med oss.

41 For den som gjev dykk ei skål med vatn for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst.

42 Men den som legg ei snara for ein av desse små som trur, for honom var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet.

43 Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe henderne dine og kjem i helvite, i den usløkkjande elden,

44 der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.

45 Og dersom foten din freistar deg, so hogg honom av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føterne dine og vert kasta i helvite,

46 der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.

47 Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvite,

48 der ormen deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

49 For kvart menneskje skal saltast med eld, liksom kvart offer vert salta med salt.

50 Salt er ein godt; men vert saltet saltlaust, kva vil de då salta det med? Hav salt i dykk sjølve, og haldt fred med kvarandre!»

10. kapitlet

1 So tok han ut derifrå, og for til Juda-bygderne og bygderne på hi sida Jordan. Og folket samla seg att ikring honom, og han lærde deim, som han var van med.

2 Då kom det nokre farisæarar og spurde honom: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si?» Det var for å freista honom dei spurde um det.

3 «Kva hev Moses sagt dykk fyre?» sagde Jesus.

4 «Moses gav lov til å skriva eit skilsmålsbrev og senda henne frå seg,» svara dei.

5 Då sagde han til deim: «Av di de er so hardhjarta, skreiv Moses den lovi for dykk.

6 Men alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud deim til mann og kvinna.

7 Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si,

8 og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt,

9 og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.»

10 Heime spurde læresveinarne honom att um det same.

11 Då sagde han til deim: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei onnor, bryt egteskapet med henne, og gjer hor.

12 Og dersom ho skil seg frå mannen sin, og gifter seg med ein annan, gjer ho hor.»

13 Og dei bar småborn til honom, so han skulde røra ved deim, men læresveinarne truga deim som bar deim.

14 Då Jesus såg det, vart han harm og sagde til deim: «Lat småborni koma til meg; hindra deim ikkje! for Guds rike høyrer slike til.

15 Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, han skal på ingen måte koma inn i det.»

16 So tok han deim i fanget og lagde henderne på deim og velsigna deim.

17 Då han kom ut på vegen, sprang det ein fram og fall på kne for honom og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?»

18 «Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud!

19 Bodi kjenner du: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal ikkje slå under deg annan manns eigedom! Du skal æra far din og mor di!»»

20 «Meister,» svara han, «alt det hev eg halde frå eg var ung.»

21 Då såg Jesus på honom og fekk honom kjær. So sagde han: «Eitt vantar deg: Gakk burt og sel alt det du hev, og gjev det til dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!»

22 Ved det ordet for det ein skugge yver andlitet hans, og han gjekk sturen burt; for han åtte mykje.

23 Då såg Jesus kringum seg og sagde til læresveinarne sine: «Kor vandt det er for den som eig mykje å koma inn i Guds rike!»

24 Læresveinarne stokk yver ordi hans. Men Jesus tok til ords att og sagde: «Kor vandt det er, borni mine, å koma inn i Guds rike for deim som set si lit til rikdom!

25 Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike!

26 Då vart dei endå meir forfærde. «Kven kann då verta frelst?» ropa dei.

27 Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men ikkje for Gud; for alt er mogelegt for Gud.»

28 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Enn me som hev skilt oss med alt og fylgt deg!»

29 Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen hev skilt seg med heim eller brør eller syster eller mor eller far eller born eller gardar for mi og evangeliet skuld,

30 utan han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem eit æveleg liv.

31 Men mange som no er med dei fyrste, skal då vera millom dei siste, og dei siste millom dei fyrste.

32 No var dei på vegen upp til Jerusalem. Jesus gjekk fyre deim, og dei undrast, og dei som fylgde, var fulle av otte. Då samla han atter dei tolv ikring seg, og tok til å tala til deim um det som skulde henda honom:

33 No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei skal døma honom frå livet og gjeva honom yver til heidningarne;

34 og dei skal spotta honom og sputta på honom og hudfletta honom og drepa honom; men tri dagar etter skal han standa upp att.»

35 Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, kom til honom og sagde: «Meister, det er noko me vil beda deg um! Vil du gjera det for oss?»

36 «Kva vil de eg skal gjera for dykk?» sagde han.

37 «Lova oss at me skal få sitja innmed deg i din herlegdom, ein på di høgre og ein på di vinstre sida!» svara dei.

38 «De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. Kann de drikka den skåli som eg drikk, eller taka den dåpen som eg tek?»

39 «Ja, det kann me,» sagde dei. Då sagde Jesus til deim: «Den skåli eg drikk, skal de drikka, den dåpen eg fær, skal de få;

40 men sætet ved mi høgre eller vinstre sida er det ikkje mi sak å gjeva burt; det lyt dei få som det er etla åt.»

41 Då dei ti høyrde det, tok dei til å harmast på Jakob og Johannes.

42 Då kalla Jesus deim til seg og sagde: «De veit at dei som gjeld for fyrstar, råder yver folki sine, og stormennerne deira heldt deim i age.

43 Men so er det ikkje hjå dykk; den som vil vera stor millom dykk, lyt tena dei andre,

44 og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle.

45 For Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva sitt liv til løysepening for mange.»

46 So kom dei til Jeriko. Då Jesus tok ut att frå Jeriko med læresveinarne sine og ein svær folkehop, sat son åt Timæus, Bartimæus, ein blind tiggar, attmed vegen,

47 og då han høyrde det var Jesus frå Nasaret, tok han på å ropa: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!»

48 Mange truga honom, og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!»

49 Jesus stana og sagde: «Ropa honom hit!» Då ropa dei på den blinde og sagde til honom: «Ver hugheil! Reis deg upp! Han ropar på deg!»

50 So kasta han av seg kjolen og spratt upp og kom burt til Jesus.

51 Og Jesus sagde til honom: «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Meister, lat meg få att syni!» svara den blinde.

52 Då sagde Jesus til honom: «Gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.» Og med ein gong fekk han att syni, og fylgde Jesus på vegen.

11. kapitlet

1 Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim:

2 «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med!

3 Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»»

4 So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom.

5 Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?»

6 Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga.

7 So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå.

8 Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.

9 Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!

10 Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»

11 So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.

12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.

13 Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.

14 Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på.

15 Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,

16 og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet.

17 Og han lærde deim og sagde: «Stend det ’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.»

18 Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans.

19 Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen.

20 Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti.

21 Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!»

22 Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud!

23 Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.

24 Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det!

25 Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar!

26 Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.»

27 So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom

28 og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?»

29 «Eg vil spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:

30 Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!»

31 Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»

32 Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.

33 So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.

12. kapitlet

1 So tok han til å tala til deim i likningar: «Det var ein mann som laga seg ein vingard, og sette gjerde kringum, og grov ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for utanlands.

2 Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane, og vilde få noko av det som var avla i vingarden.

3 Men brukarane greip sveinen og dengde honom, og sende honom burt med tome hender.

4 So sende han ein annan svein til deim; den slo dei i hovudet og hædde honom.

5 Og han sende ein til; honom slo dei i hel. Og mange fleire: sume skamslo dei, og sume drap dei.

6 No hadde han berre ein att, ein son, som han heldt hjarteleg av. Til slutt sende han honom og til brukarane; «Dei hev no vel age for son min!» tenkte han.

7 Men brukarane sagde seg imillom: «Der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel, so fær me arven!»

8 So tok dei honom og slo honom i hel og kasta honom ut or vingarden.

9 Kva skal han no gjera, han som eig vinhagen? Han skal koma og gjera ende på brukarane og lata andre få vingarden.

10 Hev de ’kje lese dette skriftordet heller: «Den steinen byggjarane vanda, Den var det som vart hyrnestein;

11 D’er Herren sjølv som so hev gjort det; For oss er det eit under stort?»»

12 Då vilde dei ha gripe honom, for dei skyna at det var deim han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket. So let dei honom vera og gjekk sin veg.

13 Sidan sende dei nokre av farisæarane og Herodes-mennerne, som skulde fanga honom i ord.

14 Dei kom og sagde til honom: «Meister, me veit du er ærleg og ikkje bryr deg um nokon; for du gjer ikkje skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - er det rett å svara skatt til keisaren, eller ikkje? Skal me gjera det, eller skal me lata vera?

15 Men skyna vel hyklingi deira og sagde: «Kvi freistar de meg? Kom med ei sylvmynt, og lat meg få sjå henne!»

16 So kom dei med ei, og han spurde: «Kva er dette for eit bilæte og namn?» «Det er keisarens,» svara dei.

17 Då sagde han til deim: Gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undrast mykje yver honom.

18 So kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er noko uppstoda - dei tok til å spyrja honom og sagde:

19 «Meister, Moses hev skrive den lovi for oss at når bror åt ein mann døyr barnlaus, og kona liver etter, då skal broren taka enkja og halda uppe ætti åt bror sin.

20 No var det var ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona; han døydde, og det var ’kje born etter honom.

21 So tok den andre enkja; han og døydde barnlaus. Like eins den tridje,

22 og alle sju; ingen av deim hadde born etter seg. Sist av alle døydde kona.

23 Kven av deim skal ho vera kona åt i eit anna liv, når dei hev stade upp att? For alle sju hev havt henne til kona.»

24 «Syner ’kje dette at de fer vilt, og ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt?» svara Jesus.

25 «Når dei hev stade upp frå dei daude, gifter dei seg ikkje, og vert ikkje burtgifte; dei er som englarne i himmelen.

26 Men um dei avlidne - at dei skal standa upp att - hev de ’kje lese i boki åt Moses, i soga um klungeren, korleis Gud sagde til honom: «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?»

27 Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande. De tek storleg i mist.»

28 Ein skriftlærd, som lydde på ordskiftet deira, og skyna at Jesus hadde svara deim godt, kom og spurde honom: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»

29 Jesus svara: «Det fyrste er: «Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein.

30 Og du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit og av all di magt! Det er det fyrste bodet.»

31 Det andre er dette: Du skal elska grannen din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.»

32 «Vel tala du, meister,» sagde den skriftlærde, «og sant er det som du sagde, at han er ein og det finst ingen annan Gud enn han.

33 Å elska honom av alt sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si magt, og elska grannen sin som seg sjølv, det er meir enn alle brennoffer og slagtoffer.»

34 Då Jesus høyrde kor visleg han svara, sagde han til honom: «Du er ikkje langt frå Guds rike.» Sidan torde ingen spyrja honom meir.

35 Medan Jesus lærde folket i heilagdomen, tok han ein gong soleis til ords: «Korleis kann dei skriftlærde segja at Messias er Davids son?

36 Sjølv sagde David - han fekk det frå den Heilage Ande -: «Herren sa til herren min: «Sit ved høgre handi mi, Til eg dine fiendar Fær for dine føter lagt!»»

37 David kallar honom sjølv herre; korleis kann han då vera son hans?» Ålmugen høyrde gjerne på Jesus.

38 Millom anna som han lærde deim, sagde han: «Tak dykk i vare for dei skriftlærde, som likar å ganga i lange kjolar, og vil helsast på torgi

39 og hava dei fremste sessarne i synagogorne og høgste sæti i gjestebod;

40 dei som et upp huset for enkjor og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få so mykje strengare dom.»

41 Ein gong sette han seg midt imot tempelkista, og såg på med folk lagde pengar i kista; og mange rike lagde mykje.

42 So kom det ei fatig enkja og lagde tvo skjervar, det er so mykje som ein øyre.

43 Då kalla han læresveinarne til seg og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn alle dei som lagde i kista.

44 For dei gav alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd alt det ho åtte, alt ho hadde til å livberga seg med.»

13. kapitlet

1 Då han gjekk ut or templet, sagde ein av læresveinarne til honom: «Meister, sjå for steinar og for bygningar!»

2 «Ja, ser du desse store bygningarne!» svara Jesus. «Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus.»

3 Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde honom:

4 «Seg oss: Når skal dette henda, og kva er teiknet me fær når alt dette er åt og skal koma?»

5 Då tok Jesus soleis til ords: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!

6 Mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og føra mange på avveg.

7 Men når de høyrer um ufred og tidend um ufred, so vert ikkje rædde! Dette lyt henda; men enden kjem ikkje endå.

8 Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; det skal vera jordskjelv kring i landi, det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderiderne.

9 Men sjå dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolarne og piska dykk i synagogorne, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for deim.

10 Og fyrst lyt evangeliet berast ut til alle folkeslag.

11 Men når dei fører dykk burt og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande.

12 Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.

13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.

14 Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde» - agte vel på dette, du som les! - «då lyt dei som er i Judaland røma til fjells;

15 den som er uppå taket, må ikkje stiga ned, og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt,

16 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim etter kjolen sin!

17 Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!

18 Men bed at dette ikkje må henda um vinteren!

19 For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket som Gud hev gjort, og til no, og vert ikkje sidan heller.

20 Og gjorde ’kje Herren den tidi stutt, so vart ’kje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt.

21 Um nokon då segjer med dykk: «Sjå her er Messias - Sjå der!» so må de ikkje tru det!

22 For falske Messias’ar skal standa fram, og falske profetar, og gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde, um det er råd.

23 So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt.

24 Men i dei dagarne, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos;

25 stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.

26 Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom,

27 og då skal han senda ut englarne, og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen.

28 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær.

29 Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri.

30 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.

31 Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast.

32 Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen, og ikkje Sonen - ingen utan Faderen.

33 Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem.

34 Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinarne sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sagde han at han laut vaka.

35 So vak då! For de veit ’kje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbil, eller i otta, eller i dagrenningi.

36 Lat honom ikkje finna dykk sovande, um han skulde koma uventande på dykk!

37 Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!»

14. kapitlet

1 No var det berre tvo dagar att til påske- og søtebrødhelgi. Og dei øvste prestarne og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå honom i hel.

2 «For på høgtidi torer me ikkje gjera det,» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup blant folket!»

3 Med Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av egte, dyr nardesalve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans.

4 Då var det nokre som vart harme og sagde seg imillom: «Kva skulde den salve-øydingi vera til?

5 Salven kunde vore seld for yver femti dalar og gjeven til dei fatige.» Og dei tala kvast til henne.

6 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vænt gjort det ho gjorde med meg.

7 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot deim; men meg hev de ikkje alltid.

8 Ho gjorde det ho kunde; med denne salven budde ho likamen min fyre jordferdi.

9 Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne.»

10 Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til dei øvste prestarne og baud seg til å gjeva Jesus i henderne deira.

11 Då dei høyrde det, vart dei glade, og lova dei skulde gjeva honom pengar, og sidan lurde han korleis han med tid og høve skulde få gjeve Jesus yver til deim.

12 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi - då påskelambet vart slagta - sagde læresveinarne med Jesus: «Kvar vil du me skal ganga av og laga til påskemålet for deg?»

13 Då sende han tvo av læresveinarne i veg, og sagde til deim: «Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; honom skal de fylgja,

14 og der han gjeng inn, skal de segja med husbonden: «Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinarne mine?»

15 Då syner han dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss.»

16 So gjekk læresveinarne av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskelambet.

17 Då det leid mot kvelden, kom Jesus med dei tolv,

18 og då dei hadde sett seg til bords, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19 Då tok dei til å stura, og spurde honom, ein for ein: «Det er vel ’kje eg?»

20 «Det er ein av dykk tolv, svara han, «den som duppar med meg i fatet.

21 Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som veld at Menneskjesonen vert gjeven i fiendehand! Best for den mannen um han aldri var fødd!»

22 Med dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav deim og sagde: «Tak det! Dette er likamen min.»

23 So tok han ein kalk, takka og gav deim, og dei drakk alle av kalken.

24 Og han sagde med deim: Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange.

25 Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike.»

26 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

27 Og Jesus sagde: «De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og sauern’ skal spreidast ikring.»

28 Men når eg hev stade upp att, skal eg ganga fyre dykk til Galilæa.»

29 Då sagde Peter: «Um so alle styggjest, so skal ikkje eg.»

30 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger.»

31 Men han tok endå sterkare i og sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg!» Det same sagde dei alle.

32 So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinarne sine: «Sit her med eg bed!»

33 Og han tok med seg Peter og Jakob og Johannes, og tok til å ottast og kvida seg.

34 Og han sagde til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak!»

35 So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi, og bad at denne stundi måtte skrida framum honom, um det var råd.

36 «Abba» - Fader - sagde han, «alt er mogelegt for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

37 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sagde han til Peter: «Simon, søv du? Var du ’kje god til å vaka ein time?

38 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»

39 So gjekk han burt att og bad den same bøni.

40 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara honom.

41 So kom han tridje gongen, og sagde til deim: «De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskjesonen gjevast i henderne på syndarar.

42 Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ’kje langt undan!»

43 Og straks - fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med honom ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne.

44 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Den som eg kysser, han er det: tak honom, og før honom trygt burt!»

45 Og med det same han kom, gjekk han fram til honom og sagde: «Rabbi!» og kysste honom.

46 Då lagde dei hand på honom og tok honom.

47 Men ein av deim som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten.

48 Og Jesus tok til ords og sagde: «De kjem med sverd og stavar og tek meg, som eg skulde vera ein røvar.

49 Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skrifterne sannast.»

50 Då tok dei alle ut ifrå honom og rømde.

51 Ein ung mann fylgde etter honom, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka honom,

52 men han slepte linklædet og rømde naken.

53 Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle dei øvste prestarne og styresmennerne og dei skriftlærde.

54 Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden.

55 Dei øvste prestarne og heile det Høge Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; men dei fekk ’kje noko på honom.

56 Det var mange som vitna rangt imot honom, men vitnemåli høvde ikkje i hop.

57 Då stod det fram nokre som og vitna rangt imot honom og sagde:

58 «Me høyrde honom segja: «Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna som ikkje er gjort med hender.»»

59 Men endå høvde ’kje vitnemåli deira i hop.

60 Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland deim og sagde til Jesus: «Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg?»

61 Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde honom: «Er du Messias, son åt den Høglova?»

62 «Ja, det er eg,» svara Jesus, «og de skal sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma med himmelskyerne.»

63 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Kva skal me med fleire vitne?

64 No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de?» Dei dømde alle at han var skuldig til å døy.

65 Og sume tok til å sputta på honom, og lagde eit plagg yver andlitet hans og slo honom med nevarne og sagde: «Seg kven det var!» Og tenarane tok imot honom med hogg.

66 Med Peter var nedi gardsromet, kjem ei av tenestgjentorne hjå øvstepresten,

67 og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på honom og sagde: «Du var og med denne nasaræaren, Jesus!»

68 Men han neitta og sagde: «Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du talar um.» So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen.

69 Sidan fekk gjenta sjå honom att, og tok til å segja med deim som stod innmed: «Han der er ein av deim!»

70 Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sagde dei som stod der på nytt til Peter: «Ja menn er du ein av deim! Du er då ein galilæar!»

71 Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar um.»

72 Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til honom: Fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.

15. kapitlet

1 Det tok alt til å dagast då dei øvste prestarne med styresmennerne og dei skriftlærde - heile den Høgste Retten - var ferdige med rådleggjingi si. Då batt dei Jesus og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus.

2 Pilatus spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» - «Det er dine ord,» svara Jesus.

3 Dei øvste prestarne kom med mange klagemål mot honom.

4 Då spurde Pilatus honom att: «Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for!»

5 Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast.

6 Kvar høgtid gav Pilatus deim ein fange fri, den som dei sjølve bad um.

7 Og ein som heitte Barabbas sat då fengsla i hop med nokre ufredsmenner; dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon.

8 So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for deim.

9 Då svara han deim: «Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri?»

10 for han skyna det var av ovund dei øvste prestarne hadde gjeve Jesus yver til honom.

11 Men dei øvste prestarne fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva deim Barabbas fri.

12 Då tok Pilatus til ords att og sagde: «Kva vil de då eg skal gjera med honom som de kallar kongen yver jødarne?»

13 Dei svara med å ropa: «Krossfest honom!»

14 «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: «Krossfest honom!»

15 Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav deim Barabbas fri, men Jesus let han piskast, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.

16 Hermennerne førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti.

17 Dei klædde honom i ei purpurkåpa, og sette på honom ein klungerkrans som dei hadde fletta,

18 og tok til å helsa honom: «Heil deg, jødekonge!»

19 So slo dei honom i hovudet med ei røyr, og sputta på honom, og lagde seg på kne og hyllte honom.

20 Då dei hadde spotta honom som dei vilde, klædde dei av honom purpurkåpa, og hadde på honom hans eigne klæde, og so leidde dei honom ut og skulde krossfesta honom.

21 Då gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans.

22 Dei førde honom til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -.

23 Der baud dei honom vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det.

24 So feste dei honom til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og drog strå um kva kvar skulde hava.

25 Det var i den tridje timen dei krossfeste honom.

26 På krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødarne.

27 Saman med honom krossfeste dei tvo røvarar, ein på hans høgre og ein på hans vinstre sida;

28 og då sannast det skriftordet som segjer: «Og han vart rekna millom brotsmenner.»

29 Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde: «Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar!

30 Hjelp deg no sjølv, og stig ned av krossen!»

31 Sameleis spotta dei øvste prestarne og, både dei og dei skriftlærde, og sagde seg imillom: «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa!

32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru!» Dei som var krossfeste med honom, gav seg og til å skjella honom ut.

33 Då den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.

34 Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elo’i, Elo’i, lama sabaktani?» det er: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»

35 Nokre av deim som stod der sagde, då dei høyrde det: «No ropar han på Elia!»

36 Då sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette honom på ei tein og let Jesus få drikka og sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og vil taka honom ned!»

37 Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop, og andast.

38 Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned.

39 Og då hovudsmannen som stod der midt framfyre honom, såg korleis han andast, sagde han: «Den mannen var visst og sant Guds Son!»

40 Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom deim var både Maria Magdalena, og Maria mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,

41 som alle hadde fylgt honom med han var i Galilæa, og tent honom, og mange andre kvinnor, som hadde vore med honom upp til Jerusalem.

42 Det var då fyrebuingsdagen eller dagen fyre kviledagen, og då det alt leid mot kvelden,

43 kom Josef frå Arimatæa, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um likamen åt Jesus.

44 Pilatus undrast på um han alt var slokna;

45 han kalla hovudsmannen til seg, og spurde um Jesus nyst var slokna, og då han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef få liket.

46 So kjøpte Josef linty og tok honom ned, sveipte honom i lintyet og lagde honom i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi.

47 Og Maria Magdalena og Joses-Maria såg staden der han vart lagd.

16. kapitlet

1 Då kviledagen var ende, kjøpte Maria Magdalena og Jakobs-Maria og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva honom.

2 Ovtidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi.

3 Då sagde dei seg imillom: «Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?»

4 Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt, og han var ovstor.

5 Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann, som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde;

6 men han sagde: «Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest! Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei lagde honom.

7 Men gakk no av stad og seg med læresveinarne hans og med Peter at han gjeng fyre dykk til Galilæa; der skal de sjå honom, som han hev sagt dykk.»

8 Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke deim, so dei skalv og var mest ifrå seg. Og dei tala ’kje eit ord til nokon, so rædde var dei.

9 Då Jesus hadde stade upp att, tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.

10 Ho gjekk av stad og sagde det til deim som hadde vore med honom, og som no syrgde og gret.

11 Men då dei fekk høyra at han livde, og at ho hadde set honom, vilde dei ikkje tru det.

12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.

13 Dei og kom og sagde det med dei andre, men dei trudde ikkje deim heller.

14 Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, med dei sat til bords; og han lasta deim for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde deim som hadde set honom etter han var staden upp att.

15 Og han sagde til deim: «Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!

16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.

17 Og desse teikni skal fylgja deim som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;

18 dei skal taka ormar i henderne, og um dei drikk noko som det er gift i, so skal det ikkje skada deim; legg dei henderne på sjuke, so skal dei få att helsa.»

19 Etter Herren Jesus hadde tala til deim, vart han teken upp til himmels og sette seg ved Guds høgre hand.

20 Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med deim og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024